Bli med på tur gjennom mitt bildegalleri
Vi nyter naturen, og fellesskapet
Eg elskar norsk natur til alle årstider
Du kan få vere med å nyte naturen og fellekskapet, og å knytte venskapsband samt å skape minner for framtida. Det er primært i Tafjordfjella eg går på tur, dette området kjenner eg omtrent som mi eiga bukselomme, det er ein slik fantastisk natur og eit variert terreng. Det aller viktigaste er å få vise fram den fantastiske naturen vi har. Eg har begynt å utvide min bekjendtskap i fjellet, med Trollheimen i fyrste omgang. Fint å tilrettelegge for dei som vil ut på tur, norsk natur har så innmari mykje å by på, ver med på min reise gjennom bileta.
Lange fjellturer anten på beina eller på ski, det er livet og kvardagslykke
Karitinden, Høgstolen, Puttegga og Putteggenden
Ein fantastisk flott og krevjande tur på 17-18 km, i noko variert terreng, men for det meste ur. Ei fantastisk oppleving som berre må gjerast ein gong. Eg har gått denne turen 8 gong, men opplever stadig nye ting. Siste turen eg gjekk var med Tindekvinner 6.8 august 2020.
Tunga, Lågtunga, Tungerøten, Høgtunga og ned til Pyttbua i Tafjordfjella
Den siste turen eg gjekk 19-20-sept.2020 i særdeles godt selskap. Dette er ein krevjande tur på 16-17 km i noko variert terreng, mest ur. Mange høydemeter gått. Vi startar ved Tunga parkering, går over fjellet, får med oss tre toppar, før vi kjem til Pyttbua for god mat og drikke.
Dagsturer
Dagsturer er og eit godt alternativ om ein ikkje ønskjer å bruke fleire dagar på ein fjelltur. Ein tur på Åvasstinden tek ca 4 timar tur retur til Høgebakken, Nordre Vartdal, kor vi parkerer bilane. Masdalshornet, klovetind, middagshornet, Jønshornet, Rametinden, Mohns topp, bladet, Randes, Vassdalstinden, Kyrkjetinden, Saudehorent, Stabben, blåfjell, Liadalsnipa, det er så innmari mange å velje mellom på Kolåshalvøya
Kajakk er gøy
Eg padlar kajakk, men er ingen autorisert kajakkinstruktør. Eg har grunnkurs i kajakk